KI 1207 Trio: Vanlege problem med løysing
«Sperr» - Feilmelding visast i Trio agenten ved innkomande samtale
Løysing 1: Sjekk telefonnummeret som er satt under "Log inn parametere" og sjå til at det IKKJE står sip: framfor denne.Ver òg sikker på at det ikkje er noko mellomrom før, etter, eller i denne. Du sjekkar paramterane ved å gå på Fil -> Log inn parametere.
Forklaring:
Dersom feil telefonnumer er satt, får ikkje Trio vidarekopla samtalen.
Løysing 2: Ver sikker på at Skype for Business er opna dersom du brukar det som telefon.
Forklaring: Dersom Skype for Business ikkje er opna kan du ikkje motta samtalar. Følgeleg får heller ikkje Trio vidarekopla samtalen.
Skjer dette ved utgåande samtale frå Trio, kan denne feilmeldinga slå inn etter ei stund når mottakar ikkje tek telefonen.
Nye anrop går ikkje gjennom
Løysing: Sjekk om det ligg ventande oppgåver i kølista. Typisk ligg det ein tilbakeringingsoppgåve her som må takast før nye anrop går gjennom.Forklaring: Ein innringar held plassen sin i køen, òg når vedkommande har valt å bli ringt tilbake. Derfor må tilbakeringingsoppgåver bli teke før ein person som faktisk held på å ringe inn kan bli svart.
Eg blir satt i pause
Løysing: Sett deg som pålogget og behandl den øvste oppgåva.Forklaring: Oppgåvene som ligg i kø-/oppgåvelista blir tildelt deg etter tur. Viss du ikkje tek oppgåva tidsnok, blir denne tildelt ein annan og du blir satt i pause. Pass på å ta unna tilbakeriningspopgåver, ettersom desse ikkje blir vidarekopla til Skype for Business før du har valt opppgåva.
Samtalen blir brote
Løysing: Restart maskina.Forklaring: Dersom fleire har (vore) logga inn på same maskin kan det gå SfB-prosesser for de andre brukarane som er eller har vore pålogga. Ein omstart av maskina vil logge av den/de andre av og såleis frigjere ressursane. Det er òg mogleg at ein prosess som ikkje har avslutta seg skikkeleg ligg og «skurra» for den aktive SfB-sesjonen.
Dårleg eller ingen lyd
Løysing: Restart maskina.Forklaring: Ein omstart av maskina løyser mange lyd- og samtaleproblem i Skype for Business.
Generelle tips til feilsøking:
- Er headsettet kopla til?
- Fungerer lyden i andre applikasjonar? Høyrer du f.eks. lyden i ein YouTube video?