UiBhjelps åpne kunnskaps­kort

KI 1760 Kva slags materiale finst på Skeivt arkiv?

Skeivt arkiv tar vare på, dokumenterer og formidlar skeiv historie eller LHBTQ+-historie.
Skeivt arkiv sine samlingar består av ei rekke arkiv frå personar og organisasjonar, i tillegg til bøker og tidsskrifter. I tillegg til å ta i mot arkiv og samlingar frå andre, gjennomfører Skeivt arkiv eigne dokumentasjonsprosjekt. Eit pågåande arbeid er videointervju som dokumenterer liva til personar med tilknyting til LHBTQ+-organisering eller som på anna måte kan fortelje om å leve utanfor heteronormen. Samlinga inkluderer vidare Skeive historier, skriftlege beretningar som folk kan dele anonymt og poste på Skeivt arkiv sine nettsider. Nettleksikonet Skeivopedia er ein ressurs som blir kontinuerleg oppdatert med nye artiklar.


Meir informasjon om Skeivt arkiv kan du finne på nettsidene: https://skeivtarkiv.no/