UiBhjelps åpne kunnskaps­kort

KI 1255 Git.app.uib.no: Godkjenning av GitHub-brukarar

Av sikkerheitsgrunnar må GitLab-brukarar som er registrert gjennom GitHub no godkjennast av ein administrator ved IT-avdelinga før ein får tilgang til instansen.

Me tilrår difor alle med Feide-brukar (dei fleste ved norske utdanningsinstitusjonar) om å først registrera seg gjennom Feide. Deretter kan eventuelt GitHub-innlogging leggast til hos den enkelte på denne sida.

Registrering gjennom GitHub er i hovudsak tenkt for eksterne og internasjonale samarbeidspartnarar. For å få hjelp til aktivering av brukarar registrert på denne måten, kontakt IT-avdelinga gjennom UiBHjelp.