UiBhjelps åpne kunnskaps­kort

KI 2629 Bestille add-on lisenser M365

Det finst fleire tilleggslisensar for Microsoft 365 som må kjøpast separat frå standardlisensane som alle brukarar har.
Døme på slike lisensar er Visio, Project og Power Automate.

Din lokale innkjøpar kan bestille desse gjennom innkjøpssystemet. Etter at kjøpet er gjort, kan IT-avdelinga tildele lisensen til kontoen din.

Opprett ei sak der du spesifiserer kva lisens som skal kjøpast/er kjøpt og kven lisensen skal tildelast.

Lisensar er ofte årlege. Førstegongskjøp skjer direkte med leverandør. Deretter kan IT-avdelinga fakturere for lisenskostnaden internt.