UiBhjelps åpne kunnskaps­kort

KI 2635 Nettverk nede i NG5, torsdag ettermiddag

Som ledd i IT-sikkerheitssatsinga vil IT-avdelinga, Torsdag 31/10-24 leggje om nettet i NG5 etter arbeidstid frå rundt 17:00. Fram til ganske seint den kvelden må ein rekne med at det IKKJE er nettverk tilgjengeleg i bygget. Dra heim, bruk mobilnett eller finn eit anna bygg å jobbe i akkurat den kvelden.

Om morgonen 1. november kan det hende at ein del PC-ar og skrivarar vil trenge ein omstart for å fungere. Har du problem, prøv det først.

I nokre tilfelle er det nødvendig at du gjer tiltak på førehand:
  • Dersom du sjølv driftar din personlege datamaskin, tenk deg nøye om. Den vil ikkje lenger ha tilgang til kablet internett og over litt tid vil også ein del tilganger til tenester bli redusert frå trådlaust nett. Stikk innom BRITA bar i 3. etasje med maskina og få råd og hjelp med korleis du blir klientdrifta.
  • Dersom din sentraldrifta Macintosh ikkje har programvaren “Firmaportal” installert og lett synleg i applikasjonsmappa, treng den eit lite løft for å kome på nett 1. november og vidare. Stikk innom BRITA bar med maskina og få hjelp med ei lita oppgradering. Det er ikkje berre å installere dette programmet, det krev ei litt meir omfattande omlegging som tek ein times tid.
  • Dersom du føler eit av dei to punkta over treff deg, men maskina di ikkje er bærbar eller du ikkje har moglegheit til å oppsøkje BRITA bar i arbeidstida veka frå måndag 28/10, ta kontakt via hjelp.uib.no snarast så legg vi ein annan plan.