Her er nokre nyttige funksjonar for deg som brukar Trio på eit kontaktsenter.
Overføring av samtalar til annan agent eller person
Du kan overføre oppgåva/samtalen til ein annan agent i Trio via Addresseboka. Det er mogleg å (1) setje over samtalen direkte (slik at den forsvinner frå deg og havner i den personlege køen til den andre agenten) eller (2) snakke med den andre agenten først, før kundeoppgåva blir overført til vedkommande.
Setje over samtalen direkte
Medan du er i samtale: Opn addresseboka.
Finn agenten du vil vidarekople samtalen til. Du kan søke opp vedkommande i Company Directory som er standard. Byter du til AGENTER får du berre opp dei som er Agent i Trio.
Velg vedkommande. Nummeret vil automatisk plassere seg i det numeriske feltet (under søkjefeltet). Knappen til høgre vil bytte frå grått til Sett i kø.
Klikk på Sett i kø og samtalen blir overført til den andre agenten. Du vil sjå at opgåva forsvinner frå ditt Trio Agentvindauge.
Snakke med anna agent før ein set over
Medan du er i samtale: Opn addresseboka.
Finn Agenten du vil vidarekople samtalen til. Du kan søke opp vedkommande i Company Directory som er standard. Byter du til AGENTER får du berre opp dei som er Agent i Trio.
Høgreklikk på vedkommande og vel Ring > Ring nummer. I Trio-vindauget vil du sjå at du får opp ei ny samtale på høgre sida. Kundesamtalen har blitt satt i vent.
I verktøylinja i Trio Agentvindauget vil tre knappar vere tilgjengelege no: Telefon 1, Telefon 2 og Overfør-knappen. Ved å trykke på Telefon 1/2 byter du mellom innringar (Telefon 1) og den andre agenten (Telefon 2). Overfør-knappen koplar saman innringar og den andre agenten og set dermed over samtalen.
Skru på "ringelyd" - "Lyd ved tildelt oppgåve"
Det kan setjast opp ringelyd ved tildelt oppgåve. Tildelt oppgåve kan til dømes vere: Innkommande samtale, chat eller Callback. Denne vil typisk ringe litt før Skype for Business byrjar å ringe.
Sjølve ringelyden setjast i Sounds i Windows.
Å skru på at Trio faktisk skal spele denne av gjerast her: Fil > Instillinger > Alternativ > Lyd ved tildelt må vere på.